Lær å skrive med ti fingrar
Tastetroll er eit skrivespel for barn frå 6 til 12 år. Du lærer tastaturet rad for rad, med æ, ø og å. Og når du skriv ordet eit troll ber på, blir trollet til stein.
Spelet er ikkje ferdig enno. Snart kan du øve her.
Dette kjem
Leksjonar
Frå heimerada til tal, éin tast om gongen. Tastaturet på skjermen viser kva finger du skal bruke.
Trollkamp
Trolla vil ete vaflane på stabburet. Skriv orda deira før dei kjem fram.
Fartsprøve
Eitt minutt. Sjå kor mange bokstavar du rekk, og om du slår din eigen rekord.
For vaksne: Tastetroll er gratis, treng ingen konto og lagrar ingenting om barnet utanfor maskina det spelar på. Om Tastetroll, Personvern.