TastetrollBokmål

Om Tastetroll

Tastetroll lærer barn frå 6 til 12 år å skrive med ti fingrar på eit norsk tastatur, med æ, ø og å.

Kven det er for

Barn som skal lære tastaturet, heime eller på skulen. I læreplanen i norsk (LK20) skal elevane skrive med tastatur frå 2. trinn og ha funksjonell tastaturferdigheit etter 7. trinn.

Tastetroll verkar på datamaskiner, Chromebookar og nettbrett med tastatur. Utan eit ekte tastatur kan ein ikkje lære å skrive med ti fingrar.

Slik er det bygd opp

Leksjonane startar på heimerada, der fingrane kviler, og går vidare til rada over og rada under. Så kjem æ, store bokstavar, teikn og tal. Tastaturet på skjermen viser kva finger som skal ta neste tast.

I Trollkamp brukar barnet tastane det har lært. Trolla ber ord, og når barnet skriv ordet, blir trollet til stein. Fartsprøva måler kor fort og kor rett barnet skriv, og samanliknar berre med resultata til barnet sjølv.

Spelet har tre nivå etter trinn (1.–2., 3.–4. og 5.–7. trinn). Nivået avgjer kor lange tekstane er og kor fort trolla går. Alt finst på bokmål og nynorsk.

Orda

Orda i spelet kjem frå opne norske ordlister. Alle listene blir sjekka mot ei liste over ord som ikkje passar for barn, og vi har lese gjennom dei. Ser du eit ord som ikkje burde vore der, kan du sende det til kontakt@tastetroll.no.

Orda byggjer på Norsk ordbank (bokmål 2005 og nynorsk 2012) frå Universitetet i Bergen og Språkrådet, levert av Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket under lisensen CC BY 4.0. Kor vanlege orda er, har vi målt med n-gram frå Nasjonalbiblioteket. Stadnamna er kommunenamn frå Kartverket under lisensen CC BY 4.0. Tastetroll har valt ut og filtrert orda, og setningane har vi skrive sjølve.

Kven står bak

Tastetroll blir laga av ENK HØKSNES (enkeltpersonføretak, org.nr. 926 468 286, Sidsels vei 16B, 3123 Tønsberg). Spelet er gratis, treng ingen konto, og det er inga reklame i det. Vi lagrar ingenting om barna som spelar. Les meir under personvern.